Hardanger Fiskeforedling AS (HAFI) er eit lakseslakteri som ligg i Strandebarm i Kvam herad, og vart etablert i 1986 av lokale oppdrettarar i Hardanger.
Oppdrettsselskapa Fylkesnes Fisk, Eidesvik Laks, Lingalaks og Tombre Fiskeanlegg har gått saman om å bygge ut anlegget til tidlegare Espevær Laks og flyttar all produksjon til Bømlo i løpet av 2022.
Det nye slakteriet vert moderne med stor grad av automatiserte prosessar.
Anlegget i Langevåg på Bømlo vert bygd for å kunna ta i mot fisk frå ventemerd, brønnbåt, bløggebåt og slaktebåt.

©Hardanger Fiskeforedling AS